Krav om politiattest i Sogndal skulemusikk

Styret i Norges Musikkorps Forbund har vedteke at alle medlemskorps skal kreve politiattest mot seksuelle overgrep mot barn. Ordninga gjeld for alle som skal utføre oppgåver som i vesentleg grad innebærer eit tillits- eller
ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming. Ordninga tredde i kraft 1. okober 2009.

I Sogndal skulemusikk blir ordning håndtert på fylgjande måte:
Alle tilsatte og frivillige som skal utføre oppgåver for korpset som innebærer eit tillits-
eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med utviklingshemming skal
fremskaffe politiattest.
Dette skal gjerast i samråd med kontakte styre- eller korpsleiar – sjå informasjonsside om styre for kontaktinformasjon.

Begge representantar har teieplikt overfor uvedkommende i forhold til dei
opplysningar dei får kjennskap til.
Politiattesten inneheld kun opplysningar om personen for tida er siktet/tiltalt eller
tidligere ilagt førelegg/dømt for brot på bestemmelsar i straffelova om
seksualforbrytelsar overfor barn. Korpset har ikkje høve til å be personen om å
innhente politiattest for andre straffbare forhold. Innhenting av politiattest er gratis.
Innhenting på en-to-tre:
1: Søknaden om politiattest blir fylt ut av korpset og den søknaden gjelder for, og
blir underteikna av begge. Styre-eller korpsleiar sender søknaden til politiet.
2: Politiet sender attesten som ordinær post til den søknaden gjeld for. Den blir ikkje sendt  til korpset.
3: Den søknaden gjeld for, skal vise sin politiattest til korps- eller styreleiar.
Sogndal skulemusikk skal ikkje lagre attesten, men kun få den framvist til gjennomsyn.
Personer som ikke har fremvist politiattest utan merknad, kan ikkje setjast til oppgåver
som innebærer et tillits- eller ansvarsforhold overfor mindreårige eller menneske med
utviklingshemming.

Du kan lese mer om ordninga og korleis den vert håndtert på
http://www.musikkorps.no/politiattest

Leave a Reply

Your email address will not be published. Required fields are marked *

*