Vedlikehald messing

Stell av messinginstrumenter med ventiler
Generelt: Messinginstrumenta med ventilar i Sogndal skulemusikk omfattar kornett, trompet, althorn, baryton og tuba. Instrumenta er kostbare og krev nøye stell og vedlikehold viss du og korpset skal ha full glede av det.

  1. Stell av instrumentet krev:
    a) Bøylefett
    b) Ventilolje
    c) Munnstykkebørste
  2. Instrumentet bør bli vaska i lunka vatn i ein balje eller badekar ca. 1 gang i halvåret. Bruk litt svakt oppvaskmiddel (t.d. Zalo) Ventilane skal ikkje leggast i vatn. Trekk ut bøylar og skru laus skruene på kver side av ventilhuset. Skrubb og skol instrumentet innvendig. Tørk instrumentet godt innvendig etterpå med ei fille. Smør bøylene med bøylefett og monter instrumentet. Oljen påføres ventilane før ventilskruene, fjørene og ventilane monterast. Dei aller yngste i korpset treng hjelp av ein vaksen til å rengjere instrumentet.
  3. Skrubb munnstykket innvendig. Stålrøyret der kor munnstykket sit, må rengjerast ofte, fordi det legg seg matrestar og søtstoff der. Kan kokast for å sterillisere. Ikkje kok munnstykke med forgylling. Hvis munnstykket ikke lar seg demontere, må korpsleiar kontaktast. Ikke bruk makt!
  4. Det er ein god regel å smørje ventilane kvar dag instrumentet er i bruk. Bruk aldri anna olje enn ventilolje på ventilene!
  5. Husk aldri å bruke tang eller annet verktøy på messinginstrument. Messing er et mjukt metall og blir lett deformert.

Stell av trombonen
Generelt: Instrumentet er kostbart og krev nøye stell og vedlikehold hvis du og korpset skal ha full glede av det.

  1. Stell av trombone krever:
    a) Krem for trombone
    b) Bøylefett
    c) Sprayflaske med vatn
    d) Munnstykkebørste
    e) Lang rensestav
    f) Remse av laken eller bomullsstoff
  2. Instrumentet må smørjast/stellast når sliden begynner å gå tregt. Ta ein fuktig papirklut og tørk av metallet etter at sliden er trekt heilt ut. Rengjer metallet til det blir blankt. Tørk med ei tørr bomullsfille. Smør metallet med krem for trombone før sliden trekkes på. Smør bøylen med bøylefett og monter instrumentet. Dei aller yngste i korpset trenger hjelp av ein vaksen til å rengjere instrumentet. Sliden skal jevnlig sprayast med vatn under speling.
  3. Skrubb munnstykket innvendig. Røret der kvor munnstykket sit, må rengjerast ofte, fordi det legg seg matrestar og søtstoff der. Kan kokast for å sterillisere. Ikkje kok munnstykke med forgylling. Hvis munnstykket ikkje lar seg demontere, må korpsleiar kontaktast. Ikke bruk makt!
  4. Husk aldri å bruke tang eller anna verktøy på messinginstrument. Messing er et mjukt metall og blir lett deformert

Veldlikehaldsinstruks utarbeidd av og generøst delt av Nardo skolekorps