Vil du bli aspirant?

Sogndal skulemusikk startar hausten 2019 eit nytt «Korps i skulen»-prosjekt for elevar på 3. og 4. klasse på Trudvang skule. Dette er eit samarbeid mellom skulemusikken, skulen og kulturskulen. Elevar, som ønskjer det, får nytta ein skuletime til aspirantopplæring på måndagane, og spelar så vidare ein time etter skuletid.

For at me skal vita litt om kor mange som er interesserte i dette tilbodet, har me ei påmelding no før sommaren. Meld frå til Anne Marit på Trudvang (anne.marit.aasen@sogndal.kommune.no) viss du har lyst til å delta på dette spennande tilbodet frå skulestart 2019. Frist for tilbakemelding er fredag 7. juni.

Måndag 27. mai arrangerte årets aspirantar konsert og prøvedag i musikkrommet. Viss du alt no veit at du vil spela fløyte, klarinett saxofon, trompet, horn, trombone, baryton, tuba eller slagverk så ta med det i påmeldinga.

Comments are closed.