FLINKIS-prosjekt

Øveskjema for FLINKIS-prosjektet

FLINKIS er Sogndal skulemusikk sitt nye utviklingsprosjekt der musikantane øver meir heime. Me ynskjer at musikantane og korpset skal bli endå betre, og FLINKIS-prosjektet er eit avgjerande steg for å få dette til.

Korleis? 
Alle har fått utsendt eit øveskjema som forklarer korleis ein skal øva. Her skal foreldre/føresette (eller spelelærar i kulturskulen) signera for å stadfesta at den unge, lovande har øvd/spelt minimum 15 min. Det er viktig at dette vert gjort skikkeleg – ”juksemakarar” vert ikkje betre å spela!

Kvifor FLINKIS?
–       for at musikantane skal bli betre å spela på sitt instrument (betre klang, teknikk, musikalitet)
–       for at musikanten skal bli betre til å lesa notar
–       for at musikantane skal læra seg stemma dei skal spela på kvart stykke
–       for at både musikanten og korpset skal bli betre!

Dette fører til at det vert kjekkare å spela fordi
–       musikanten meistrar instrumentet sitt betre
–       musikanten meistrar stemmene sine betre
–       me kan spela endå meir spennande musikk, og få eit større, meir variert og vanskelegare repertoar
–       musikanten og korpset let betre!

Slagordet vårt er “Øv, ikkje ver sløv!”  Dette er spesielt viktig før me skal på konkurranse om ein månad – til og med vinterferien kan brukast til øving!

Hans Mark og styret

Comments are closed.