Archive for the Styre Category

Konstituering av styret for 2012

På styremøte 1. mars vart styret som vart valgt 24. januar endeleg konstituert. På denne sida kan finne lista over kven som sit i årets styre og etter kvart finne kontaktinformasjon til kvar og ein.

Legg merke til at korpsleiar i år igjen er del av styret og at vedlikehaldsbehov på instrument skal meldast inn til han.

Når det gjeld uniformer er det materialforvaltar som har ansvaret og som kan kontaktast ved behov for utskifting.

Sjå gjennom uniformene i god tid til konkurransen neste helg!

Styre for SSM 2012 + Ny terminliste

Årsmøtet takkar Kyrre Groven, Kjetil Kvåle og Randi Bruheim for vel utførde styreoppdrag som hhv leiar siste år, kasserar og skrivar! Vi håpar at vi kan nytte dykk som sparringpartnerar om det trengst i ei overgangsfase.

Nytt styre for 2012 er
(Valde i 2010 for to år:)
Heidi Myrvoll
Kjersti Sognnes
Oddrun Helene Eggum
(Gjenvalt for eitt år som varamedlem:)
Olav Mikkelsen
(Nye i styret – valde for to år:)
Egil Fimreite
Cindy Litlabø
Elin Holm-Marøy

Vi kjem attende til oppgåvefordeling i styret når vi har fått hatt eit konstituerande styremøte.

Ny terminliste for hovudkorpset er no lagt ut på heimesida. De finn den under “Korpspermen” og her: SSM TERMINLISTE V-2012 Legg merke til at det er seminar neste helg og at det blir ekstra øving knytt til konkurransen i Førde i mars.