Archive for the Terminliste Category

Ny periode med doble flinkispoeng!

Hugs at det er doble flinkispoeng fram til seminaret neste helg (8.-9. mars). Seminaret er på Kvåle skule fredag kveld (18.-20.) og laurdag (10.-16.). Denne gangen blir det lydopptak!

Last ned ny terminliste her. Det hadde kome inn feil tidspunkt for “kultbandet” men det er no retta opp.

Flinkisskjema finn du her.

Informasjonssida om skulemusikken sitt styre er oppdatert med dei nye medlemene! Takk for at de stiller opp og gjer ein innsats for korpset!

9. mars er det òg kulturspirekafè, og dei som er aktuelle for dugnad denne dagen vil få ei påminning på mail i tillegg til listene som er sende ut tidlegare.

Terminliste og flinksskjema

Her er terminlista for hausten 2012.

Fyrste øvinga etter haustferien blir ei delt øving med øving berre til kl 16.00 for dei yngste. Etter det er det lang og kort øving annakvar veke.

Merk av helga 20. oktober då det er “Eplekjekke dagar” i Sogndal! Då skal me både øve og opptre litt. Øvinga blir fredag frå kl 15.00 til 17.00. Når det gjeld konsert laurdag kjem me attende til tidspunktet. Den 20. er det òg kulturspire der nokre har dugnad.

Den 11.11. er det tid for årets basar på kulturhuset. Sjølve basaren begynnar kl 15.00 og det blir øving frå kl 13.00 denne dagen. Musikantane vil få ein god pause før sjølve basaren set i gang.

Basaren er ein felles dugnad for alle som er med i skulemusikken (og ei viktig inntektskjelde for korpset vårt) og loddsal er ein viktig del av dette. Alle vil få utdelt loddbøker fyrste øvinga etter haustferien og kan selge loddar fram til torsdagen før basaren (det skulle bli den 9.11.).

Elles er det berre å henge i og øve! Flinkiskonkurransen er i gang for fullt og det er enno ikkje for seint å hevde seg for dei som har hatt ein litt treg start. Hugs på at gruppa di òg får poeng når du øver! Her er øveskjemaet Frå siste øvinga før haustferien og fram til neste fellesøving får du dobbelt Flinkis!-poeng! (2 poeng pr øving!) 

God øving og god haustferie!

Endringar i terminliste for mai – juni 2012

Frå og med neste øving og ut skuleåret vil øvinga vare til klokka 17.00 for alle musikantane. Hugs å ta med god niste desse dagane.

Viktig: Alle må dessutan ha med noteklyper, marsjmapper, regntrekk til instrument (gjeld fløyter og klarinettar) og beresele (gjeld tuba og bariton). Det gjeld alle øvingane framover.

Det viktige som skjer framover:
Fram mot 17. mai treng vi å finpussa både spele- og marsjeringsformen. Vi har difor sett opp ei ekstraøving den 16. mai frå kl 17.00 til 18.30 på Kvåle skule. Det er viktig at alle merkar seg dette tidspunktet og stiller på øving denne ettermiddagen!

Programmet for 17. mai blir som vanleg barne- og skuletog, speling på omsorgssenteret, speling på Torstad og speling i folketoget og på Fosshaugane. Tidspunkta er sette opp i den redigerte SSM terminliste mai juni 2012. I år stiller alle musikantane i valfrie finklede på 17. mai. Mange ynskjer å gå i bunad, og då vert me uansett ikkje likt kledde.

Torsdag 24. mai kl. 17:00 skal me delta på ein utekonsert i sentrumsparken saman med Sogndal storband og Songdal musikklag. Dette vert kjempemoro! Antrekk: raud hettegensar og svarte beinklede, sokkar og sko.

Laurdag 9. juni, er det eit stort songarstemne i Sogndal og vi er spurde av arrangør Sogndal songlag om å leie kora i oppmarsj på føremiddagen denne dagen. Vi har ikkje nøyaktig tidspunkt for dette enno. Antrekk: raud hettegensar og svarte beinklede, sokkar og sko.

mvh

styret og dirigenten

Endringar i terminlista

Kulturspiren i april er flytta ei veke frå 28. til 21. april.

Frå 27. mars skal dei noverande aspirantane ha alle øvingar på Kvåle. Vi kjem likevel til å la denne gruppa avslutte etter halv øving klokka 16.00. Dei eldste (noverande hovudkorps) øver til klokka 17.00 dersom ikkje anna beskjed vert gitt.

NB! Aspirantane vil bli køyrde opp til Kvåle i privatbilar når dei er ferdige på skulen. Bilane vil stå ved Ellingsen og aspirantane går ned dit. Dette gjer vi for å ikkje bidra til trafikkaoset ved Trudvang ved skuleslutt.

Styre for SSM 2012 + Ny terminliste

Årsmøtet takkar Kyrre Groven, Kjetil Kvåle og Randi Bruheim for vel utførde styreoppdrag som hhv leiar siste år, kasserar og skrivar! Vi håpar at vi kan nytte dykk som sparringpartnerar om det trengst i ei overgangsfase.

Nytt styre for 2012 er
(Valde i 2010 for to år:)
Heidi Myrvoll
Kjersti Sognnes
Oddrun Helene Eggum
(Gjenvalt for eitt år som varamedlem:)
Olav Mikkelsen
(Nye i styret – valde for to år:)
Egil Fimreite
Cindy Litlabø
Elin Holm-Marøy

Vi kjem attende til oppgåvefordeling i styret når vi har fått hatt eit konstituerande styremøte.

Ny terminliste for hovudkorpset er no lagt ut på heimesida. De finn den under “Korpspermen” og her: SSM TERMINLISTE V-2012 Legg merke til at det er seminar neste helg og at det blir ekstra øving knytt til konkurransen i Førde i mars.

Litt informasjon i starten av eit nytt år

Godt nytt år alle sammen!

Hovudkorpset startar opp tysdag 10. januar.

Terminlista er ikkje langt unna, men vi vil minne om nokre viktige datoar alt no, slik at de kan rydde plass i kalenderen:

Søndag 15. januar er frist for påmelding til korpsturen, som går til Göteborg og Bornholm 21.-26. juni. På slutten av øvinga 10. januar vil turkomiteen orientere nærare om korpsturen. Vi oppmodar alle til å delta, dette blir garantert ei flott oppleving! Sjå det invitasjonsbrevet, som vart send ut før jul.

Tysdag 24. januar kl. 17 er det årsmøte i Sogndal skulemusikk. Sakspapir vert snart sendt ut.

Laurdag 10. mars skal SSM delta på fylkesmeisterskap i Førde. Vi køyrer med privatbilar og kjem att same kvelden.

Aspirantkorpset sine aktivitetar

Velg “Agenda” for å få ei grei liste som kan skrivast ut.