Archive for the Rekruttopptak Category

Rekruttering av nye musikantar

I dag har Sogndal skulemusikk hatt rekruttkonsert på Trudvang skule!

No håpar vi at mange av dei elevane som høyrte på dei i dag har fått lyst til å vere med i korpset!

Elevane som var på konserten har fått eit informasjonsskriv om korpset og påmeldingsskjema samt ein invitasjon til å besøke korpset på slutten av neste øving for å prøvespele på dei ulike instrumentane!

For meir informasjon om innmelding til korpset, sjå under fane “korpspermen”.

Korps er billig

Med hausten er tida inne for igjen å velge aktivitetar i jungelen av tilbod, og ingen kan påstå at ungar av i dag har for lite å velge mellom når det gjeld fritidstilbod. Det er heller ikkje fritt for at ein del av aktivitetane er kostbare å vere med på.

Korps er ikkje ein av dei dyre aktivitetane, tvert imot. Les berre denne artikkelen  eller denne. Artiklane er rett nok nokre år gamle, men prinsippet står fast. Forsikring og utstyr er inkludert i medlemsavgifta når ein spelar i korps og gjer det dermed til ein rimelig aktivitet som alle kan vere med på! Bli med i korps!

Oppstart Sogndal skulemusikk hausten 2011

Hovudkorps/iKorps:

Vi håpar alle har hatt ein fin sommar, trass terroråtaka 22. juli. No er det straks skulestart og tid for å kome igang med korpsaktivitetane att! Vi minner om at alle øvingane til hovudkorpset/iKorps no skal skje i musikkrommet på Kvåle skule.

Det vert ikkje øving førstkomande tysdag fordi Hans Mark er opptatt. I staden vert det iKorpsøving måndag 22. august kl. 14:50 – 17:00 i musikkrommet på Kvåle skule, dvs. for alle frå 8.-10. klasse.

Det vert felles øving for heile hovudkorpset tysdag 30. august kl. 14:50 – 17:00.

Vel møtt til ein spennande korpshaust i nye lokale!

Aspirantkorps:

For aspirantane blir sommaren litt forlenga i og med at Leif er oppteken på anna hald nokre veker. Første korpsøving etter 15. september og det vil bli arrangert eit seminar for å kompensere for tapt øvetid i korpset. Dei som er medlemer ved kulturskulen øver rett nok frå skulestart (eigne meldingar går ut frå kulturskulen) og sjølvsagt er det lov å øve heime.

Vi håpar at denne ekstra månaden med fri i aspirantkorpset berre gjer at alle saman er ekstra tente på å spele saman igjen når Leif er tilbake! Aspirantkorpset øver dette året i musikkrommet på Trudvang skule sidan hovudkorpset har flytta til Kvåle skule.

Rekruttane:

Utdeling av instrumenter vil skje i tilknytning til oppstart med øvingar ved Sogn kulturskule. Rekruttane skal få eigne mailar om dette.

Fristar for rekruttinnmelding

Lag lyd!

Rekrutteringsframstøytet på Trudvang skule er gjennomført og vi har alt begynt å få inn innmeldingar på nye rekruttar! Dette er vi veldige glade for og vi håpar at vi får inn ein heil gjeng nye ivrige musikantar.

Skulemusikken har fått utsett frist til 8. mai for innmelding av nye rekruttar i kulturskulen på grunn av at vi skulle få gjennomføre nytt rekrutteringsframstøyt på skulen. For å kunne fordele instrumenter til dykk før fristen går ut for innmelding i kulturskulen må vi ha inn innmeldingskjema til SSM før den 6. mai klokka 18.00. Etter dette vil innmeldingane bli gjennomgått og instrument fordelt etter kva de har ynskt og etter kva korpset treng av nye instrument.

Sjølve instrumentet får de ikkje enno, vi kjem attende til kvar enkelt på epost i høve kor tid dette kan bli delt ut.

Når fordelinga av instrument er klart går det ut epost til dei nye innmeldte med beskjed om kva instrument de har fått. Dette instrumentet kan de så melde dykk inn på kulturskulen med. Grunnen til at de må melde inn dobbelt (i skulemusikken i tillegg til i kulturskulen) er at det er Sogndal skulemusikk som held instrument alt frå musikantane startar med grunnopplæringa. Om ein ynskte å melde seg direkte inn i kulturskulen utan å stå som medlem i Sogndal skulemusikk måtte ein halde instrument sjølv.

Nye sjansar

Ny sjanse nummer ein:
Påmeldingsfristen til sommarkursa til NMF, som vi har skrive om tidlegare, er utvida til 15. mai så her er det fortsatt råd å melde seg på! Send ein mail til oss i korpset. Vi støttar våre medlemer med kr 1000,- pr. kurs de deltek på i år!

Ny sjanse nummer to:
Dirgenten vår har i samarbeid med kulturskulen for tida ein ny rekrutteringsrunde på skulen. Der kan dei som er interessert i å spele eit instrument få ein liten smak på dette. Denne gangen er det råd å prøve både korpsinstrument og strykeinstrument (kulturskulen). Dette skjer i matpausen på Trudvangtysdag den 3. mai. Om de veit om nokon som har lyst til å bli med i korpset så er dette sjansen! Vi treng i alle fall fleire på klarinett, saksofon og baryton/eufonium. Om de alt er klare til innmelding så ligg innmeldingsskjemaet HER.

Skjemaet sender de til post@sogndalskulemusikk.no og de må òg melde inn eleven i kulturskulen via deira heimeside sidan det er der grunnopplæringa finn stad første året.