Archive for the Konsert Category

Rekruttering av nye musikantar

I dag har Sogndal skulemusikk hatt rekruttkonsert på Trudvang skule!

No håpar vi at mange av dei elevane som høyrte på dei i dag har fått lyst til å vere med i korpset!

Elevane som var på konserten har fått eit informasjonsskriv om korpset og påmeldingsskjema samt ein invitasjon til å besøke korpset på slutten av neste øving for å prøvespele på dei ulike instrumentane!

For meir informasjon om innmelding til korpset, sjå under fane “korpspermen”.

Skulemusikken deltek på Storkonsert 14. April!


Sogndal skulemusikk er inviterte med på storkonsert i Sogndal kulturhus den 14. april, då det meste av det frivillige musikklivet står på scena i Sogndal kulturhus.
Konserten har tittelen “Kan du høyra folket syng?” og er ein musikalkonsert med Sogndal musikklag, Sogndal songlag og Ungdomskoret Røyst som hovudaktørar.

Skulemusikken skal framføra medleyen The Sound Of Music saman med Sogndal musikklag denne kvelden.

Konsertstart kl. 18:00. Konserten varer i ca. 90 minutt.

Inviter vener og familie til ei flott oppleving i kulturhuset!!
 

Speling under opninga av songarstemne 9. juni

Laurdag er det tid for sesongens siste oppdrag for skulemusikken her heime (før vi reiser på korpstur). Sogndal er vertsbygd for songarstemne, og me skal få vere med og kaste glans over opninga.

Møt opp i foajen på kulturhuset kl 09:30, for oppvarming og kjapp gjennomspeling av nokre nummer. Me skal spela under opninga ved kulturhuset kl 10:00 før me marsjerer til Helgheim. Vi reknar med å vere ferdige rundt kl 11.00.

Alle møter i raud hettegenser over piquetskjorte, svarte beinklede og sko. Ta med noteklype og marsjmappe. Hugs regntrekk for klarinettar og fløyter dersom det ser ut til å kunne bli regn. Ein i styret vil ta med regnponchoar dersom det ser ut til å vere bruk for dette. Dei som har gjennomsiktige ponchoar eller regnfrakkar heime kan gjerne ta med.

Gi melding direkte til HM (tlf. dersom det er nokon som ikkje kan stille.

Minikonsert 24. mai

24. mai fekk vi vere med og “varme opp” for Tone Damli i sentrumsparken. Mykje folk og god stemning og svært god lyd i skulemusikken.

På førehand hadde vi kosa oss med litt pizza og is i varmen.

Endringar i terminliste for mai – juni 2012

Frå og med neste øving og ut skuleåret vil øvinga vare til klokka 17.00 for alle musikantane. Hugs å ta med god niste desse dagane.

Viktig: Alle må dessutan ha med noteklyper, marsjmapper, regntrekk til instrument (gjeld fløyter og klarinettar) og beresele (gjeld tuba og bariton). Det gjeld alle øvingane framover.

Det viktige som skjer framover:
Fram mot 17. mai treng vi å finpussa både spele- og marsjeringsformen. Vi har difor sett opp ei ekstraøving den 16. mai frå kl 17.00 til 18.30 på Kvåle skule. Det er viktig at alle merkar seg dette tidspunktet og stiller på øving denne ettermiddagen!

Programmet for 17. mai blir som vanleg barne- og skuletog, speling på omsorgssenteret, speling på Torstad og speling i folketoget og på Fosshaugane. Tidspunkta er sette opp i den redigerte SSM terminliste mai juni 2012. I år stiller alle musikantane i valfrie finklede på 17. mai. Mange ynskjer å gå i bunad, og då vert me uansett ikkje likt kledde.

Torsdag 24. mai kl. 17:00 skal me delta på ein utekonsert i sentrumsparken saman med Sogndal storband og Songdal musikklag. Dette vert kjempemoro! Antrekk: raud hettegensar og svarte beinklede, sokkar og sko.

Laurdag 9. juni, er det eit stort songarstemne i Sogndal og vi er spurde av arrangør Sogndal songlag om å leie kora i oppmarsj på føremiddagen denne dagen. Vi har ikkje nøyaktig tidspunkt for dette enno. Antrekk: raud hettegensar og svarte beinklede, sokkar og sko.

mvh

styret og dirigenten

Høyr oss

I dag 18.12. kan de oppleve skulemusikken live saman med mange andre dyktige musikarar i den årlege kyrkjekonserten. Kom i julestemning med oss klokka 19.00 i Stedje kyrkje!

Skulemusikken vil òg som vanleg spele før gudstenesta i Stedje kyrkje klokka 14.00 på julafta.

Samarbeidskorps presenterer filmmusikk

Laurdag 26.11. avsluttar Sogndal skulemusikk med musikalske gjester Kulturspiren sitt 20. årsjubileum med gratiskonsert i kulturhuset.

Musikantar frå Leikanger skulemusikk og Gaupne skule- og ungdomskorps bidreg under konserten. På repertoaret står musikk frå mellom anna Harry Potter, Pirates Of the Caribbean, Indiana Jones, Annie og Shrek.

Laurdag kl 14.00 er altså storesalen i kulturhuset fylt med flott og variert filmusikk som vil gleda både kulturspirer og foreldre, musikk- og filminteresserte, og dei som treng ein handlepause.

Tidlegare på føremiddagen, ca kl 12.00 kan ein få høyre aspirantkorpset spele i vestibylen på kulturhuset.