Archive for the Basar Category

Skulemusikk basar

Det vert den årlege skulemusikk basaren laurdag 26. oktober frå kl. 15 i kantina ved den nye Sogndal vidaregåande skulen!

Stort åresal og mange flotte gevinster.

Kafe med betasuppe, heimebaka kaker, kaffi/te og saft!

Minikonsert med Sogndal skulemusikk.

Velkomen til basaren!

IMG_1669

Terminliste og flinksskjema

Her er terminlista for hausten 2012.

Fyrste øvinga etter haustferien blir ei delt øving med øving berre til kl 16.00 for dei yngste. Etter det er det lang og kort øving annakvar veke.

Merk av helga 20. oktober då det er “Eplekjekke dagar” i Sogndal! Då skal me både øve og opptre litt. Øvinga blir fredag frå kl 15.00 til 17.00. Når det gjeld konsert laurdag kjem me attende til tidspunktet. Den 20. er det òg kulturspire der nokre har dugnad.

Den 11.11. er det tid for årets basar på kulturhuset. Sjølve basaren begynnar kl 15.00 og det blir øving frå kl 13.00 denne dagen. Musikantane vil få ein god pause før sjølve basaren set i gang.

Basaren er ein felles dugnad for alle som er med i skulemusikken (og ei viktig inntektskjelde for korpset vårt) og loddsal er ein viktig del av dette. Alle vil få utdelt loddbøker fyrste øvinga etter haustferien og kan selge loddar fram til torsdagen før basaren (det skulle bli den 9.11.).

Elles er det berre å henge i og øve! Flinkiskonkurransen er i gang for fullt og det er enno ikkje for seint å hevde seg for dei som har hatt ein litt treg start. Hugs på at gruppa di òg får poeng når du øver! Her er øveskjemaet Frå siste øvinga før haustferien og fram til neste fellesøving får du dobbelt Flinkis!-poeng! (2 poeng pr øving!) 

God øving og god haustferie!

Basar – Haustens store eventyr

Søndag 23. oktober er det basar på Sogndal Kulturhus. Me starter klokka 15:00, og i år kan de kjøpe betasuppe i tillegg tilkaffi, saft og kaker.

Ta middagen på basaren og støtt skulemusikken!

I samband med basaren har vi som vanleg det årlege lotteriet. Basaren og lotteriet er Skulemusikken sin viktigaste inntektskjelde, og me håpar de er klare til innsats for å få inn pengar til mellom anna utanlandstur neste år.

Musikantane vil få loddbøkene og all den informasjonen dei treng på øvinga tysdag 4. oktober. Sjølv om det blir loddsal i haustferien har me store forventningar til loddsalet. Det er også i år mange flotte premiar.

Helsing basarnemnda

Sommarferie

Då er det tid for å runde av denne sesongen for Sogndal skulemusikk. Hovudkorpset har alt hatt si siste øving, medan aspirantkorpset skal øve nokre få gonger til med siste øving 14. juni. Begge korpsa startar opp att med øvingar 23. august, i fyrste heile veka etter skulestart.

Nytt av hausten blir at hovudkorpset får øvingane sine på Kvåle skule. Det er litt ulike grunnar til at ein flyttar øvingslokale, men fyrst og fremst fordi nesten alle medlemene i hovudkorpset er elevar ved Kvåle skule. Aspriantkorpset kjem framleis til å øve på Trudvang, og får overta musikkrommet frå hovudkorpset. Vi håpar dette blir gode endringar for begge korpsa.

Noter elles ned sundag 23. oktober som ein viktig dato. Denne dagen blir det den årlege korpsbasaren som altså er flytta til hausten i år. Terminliste for resten av hausten vil bli lagt ut på nettsida og sendt ut like etter skulestart.

Takk for god innsats til både musikantar og foreldre og ikkje minst dirigentar! God sommar!

-styret-

Basaren vert flytta til hausten

Sjur og Vemund følgjer spent med på årene under basaren i april 2010

Vi har brukt å halde basar i Sogndal kulturhus kvart år før påske, men i år har styret bestemt at basaren – og loddsalet i forkant – vert flytta til hausten. Det er fleire grunnar til dette: Vi kunne ikkje få leige kulturhuset den helga vi hadde fastsett i terminlista, og det var problematisk å flytte basaren til ein annan søndag. Dessutan er våren ein travel periode med deltaking i Nordvestmeisterskapen og førebuingane til dette, i tillegg til 17. mai.

Ved å flytte basaren til hausten trur vi aktivitetane i korpset, både for barn og foreldre, vert betre fordelt over året. Og kanskje er det meir motiverande for oss alle å gå på basar ein regntung oktobersøndag, enn når vårsola for alvor tar til å varme? No prøver vi dette i 2011, så får vi sjå kva erfaringar vi haustar.