Archive for the iKorps Category

Oppstart Sogndal skulemusikk hausten 2011

Hovudkorps/iKorps:

Vi håpar alle har hatt ein fin sommar, trass terroråtaka 22. juli. No er det straks skulestart og tid for å kome igang med korpsaktivitetane att! Vi minner om at alle øvingane til hovudkorpset/iKorps no skal skje i musikkrommet på Kvåle skule.

Det vert ikkje øving førstkomande tysdag fordi Hans Mark er opptatt. I staden vert det iKorpsøving måndag 22. august kl. 14:50 – 17:00 i musikkrommet på Kvåle skule, dvs. for alle frå 8.-10. klasse.

Det vert felles øving for heile hovudkorpset tysdag 30. august kl. 14:50 – 17:00.

Vel møtt til ein spennande korpshaust i nye lokale!

Aspirantkorps:

For aspirantane blir sommaren litt forlenga i og med at Leif er oppteken på anna hald nokre veker. Første korpsøving etter 15. september og det vil bli arrangert eit seminar for å kompensere for tapt øvetid i korpset. Dei som er medlemer ved kulturskulen øver rett nok frå skulestart (eigne meldingar går ut frå kulturskulen) og sjølvsagt er det lov å øve heime.

Vi håpar at denne ekstra månaden med fri i aspirantkorpset berre gjer at alle saman er ekstra tente på å spele saman igjen når Leif er tilbake! Aspirantkorpset øver dette året i musikkrommet på Trudvang skule sidan hovudkorpset har flytta til Kvåle skule.

Rekruttane:

Utdeling av instrumenter vil skje i tilknytning til oppstart med øvingar ved Sogn kulturskule. Rekruttane skal få eigne mailar om dette.

The iKorps Show

iKorps med gjester inviterer til førestillinga ”The iKorps Show” søndag 13. februar kl. 18:00. Framsyninga finn stad i dramasalen på lærarskulen,  HiSF.

Under konserten får du oppleva iKorps i storform! Musikalske gjester har me henta frå utkantane av Sogndal kommune: Rockebandet Crash! frå Årøy/Kvam, pianist og trommis Endre Aaberge Dahl frå Ylvisåker, songar Oddbjørn Litlabø frå Dalen, og hip hop-prosjektet til Anders Martin Helle & Simen Fossnes, begge frå Kvam.

Alle er hjarteleg velkomne!