No lakkar det mot enden av aspirankorpsttida for denne gjengen med musikantar. Frå 27. mars skal dei ha alle sine øvingar saman med hovudkorpset og vere del av Sogndal skulemusikk for fullt. Vi kjem imidlertid til å halde på kort øving for denne gruppa fram til sommaren. Dvs. at dei er ferdige klokka 16.00 medan dei andre øver til klokka 17.00.
Det vil bli biltransport opp til Kvåle etter skuleslutt på tysdagane. Vi ber om at aspirantane går ned til parkeringsplassane ved Ellingsen der dei vil bli plukka opp. Dette for at vi skal prøve å unngå å køyre opp til Trudvang i tida rundt skuleslutt når det er veldig mange ungar i vegane.
Men før dette er det lagt opp til eit felles seminar og konsert for Leikanger- og Sogndalaspirantane. Programmet fylgjer under:
Seminar Leikanger barneskule, mediateket:
23. mars, fredag: Kl. 1800-2000
Seminar Trudvang barneskule, musikkrommet:
24. mars, lørdag: kl 1000-1200
Konsert Kulturspire i Sogndal:
kl. 1200
På kulturspiren på laurdag er det òg som vanleg skulemusikkafè. Der er det råd å få kjøpt seg rundstykke/kake/vafler/saft og kaffi.