Archive for the Kulturspiren Category

Terminliste og flinksskjema

Her er terminlista for hausten 2012.

Fyrste øvinga etter haustferien blir ei delt øving med øving berre til kl 16.00 for dei yngste. Etter det er det lang og kort øving annakvar veke.

Merk av helga 20. oktober då det er “Eplekjekke dagar” i Sogndal! Då skal me både øve og opptre litt. Øvinga blir fredag frå kl 15.00 til 17.00. Når det gjeld konsert laurdag kjem me attende til tidspunktet. Den 20. er det òg kulturspire der nokre har dugnad.

Den 11.11. er det tid for årets basar på kulturhuset. Sjølve basaren begynnar kl 15.00 og det blir øving frå kl 13.00 denne dagen. Musikantane vil få ein god pause før sjølve basaren set i gang.

Basaren er ein felles dugnad for alle som er med i skulemusikken (og ei viktig inntektskjelde for korpset vårt) og loddsal er ein viktig del av dette. Alle vil få utdelt loddbøker fyrste øvinga etter haustferien og kan selge loddar fram til torsdagen før basaren (det skulle bli den 9.11.).

Elles er det berre å henge i og øve! Flinkiskonkurransen er i gang for fullt og det er enno ikkje for seint å hevde seg for dei som har hatt ein litt treg start. Hugs på at gruppa di òg får poeng når du øver! Her er øveskjemaet Frå siste øvinga før haustferien og fram til neste fellesøving får du dobbelt Flinkis!-poeng! (2 poeng pr øving!) 

God øving og god haustferie!

Siste innspurt for aspirantane 11/12

No lakkar det mot enden av aspirankorpsttida for denne gjengen med musikantar. Frå 27. mars skal dei ha alle sine øvingar saman med hovudkorpset og vere del av Sogndal skulemusikk for fullt. Vi kjem imidlertid til å halde på kort øving for denne gruppa fram til sommaren. Dvs. at dei er ferdige klokka 16.00 medan dei andre øver til klokka 17.00.

Det vil bli biltransport opp til Kvåle etter skuleslutt på tysdagane. Vi ber om at aspirantane går ned til parkeringsplassane ved Ellingsen der dei vil bli plukka opp. Dette for at vi skal prøve å unngå å køyre opp til Trudvang i tida rundt skuleslutt når det er veldig mange ungar i vegane.

Men før dette er det lagt opp til eit felles seminar og konsert for Leikanger- og Sogndalaspirantane. Programmet fylgjer under:

Seminar Leikanger barneskule, mediateket:
23. mars, fredag: Kl. 1800-2000

Seminar Trudvang barneskule, musikkrommet:
24. mars, lørdag: kl 1000-1200

Konsert Kulturspire i Sogndal:
kl. 1200

På kulturspiren på laurdag er det òg som vanleg skulemusikkafè. Der er det råd å få kjøpt seg rundstykke/kake/vafler/saft og kaffi.

Endringar i terminlista

Kulturspiren i april er flytta ei veke frå 28. til 21. april.

Frå 27. mars skal dei noverande aspirantane ha alle øvingar på Kvåle. Vi kjem likevel til å la denne gruppa avslutte etter halv øving klokka 16.00. Dei eldste (noverande hovudkorps) øver til klokka 17.00 dersom ikkje anna beskjed vert gitt.

NB! Aspirantane vil bli køyrde opp til Kvåle i privatbilar når dei er ferdige på skulen. Bilane vil stå ved Ellingsen og aspirantane går ned dit. Dette gjer vi for å ikkje bidra til trafikkaoset ved Trudvang ved skuleslutt.

Samarbeidskorps presenterer filmmusikk

Laurdag 26.11. avsluttar Sogndal skulemusikk med musikalske gjester Kulturspiren sitt 20. årsjubileum med gratiskonsert i kulturhuset.

Musikantar frå Leikanger skulemusikk og Gaupne skule- og ungdomskorps bidreg under konserten. På repertoaret står musikk frå mellom anna Harry Potter, Pirates Of the Caribbean, Indiana Jones, Annie og Shrek.

Laurdag kl 14.00 er altså storesalen i kulturhuset fylt med flott og variert filmusikk som vil gleda både kulturspirer og foreldre, musikk- og filminteresserte, og dei som treng ein handlepause.

Tidlegare på føremiddagen, ca kl 12.00 kan ein få høyre aspirantkorpset spele i vestibylen på kulturhuset.

Aspirantkorpset på kulturspiren

Tar imot applausen

Aspirantkorpset under leiing av Leif Aslaksrud, får etter kvart til både godt samspel og ypperleg solospel.

I dag på kulturhuset fekk vi som var til stade oppleve begge deler frå lovande musikantar. Korpset var nesten fulltallig og let godt.

I bildealbumet kan de sjå meir frå konserten.