Archive for the Konkurranse Category

Terminliste og flinksskjema

Her er terminlista for hausten 2012.

Fyrste øvinga etter haustferien blir ei delt øving med øving berre til kl 16.00 for dei yngste. Etter det er det lang og kort øving annakvar veke.

Merk av helga 20. oktober då det er “Eplekjekke dagar” i Sogndal! Då skal me både øve og opptre litt. Øvinga blir fredag frå kl 15.00 til 17.00. Når det gjeld konsert laurdag kjem me attende til tidspunktet. Den 20. er det òg kulturspire der nokre har dugnad.

Den 11.11. er det tid for årets basar på kulturhuset. Sjølve basaren begynnar kl 15.00 og det blir øving frå kl 13.00 denne dagen. Musikantane vil få ein god pause før sjølve basaren set i gang.

Basaren er ein felles dugnad for alle som er med i skulemusikken (og ei viktig inntektskjelde for korpset vårt) og loddsal er ein viktig del av dette. Alle vil få utdelt loddbøker fyrste øvinga etter haustferien og kan selge loddar fram til torsdagen før basaren (det skulle bli den 9.11.).

Elles er det berre å henge i og øve! Flinkiskonkurransen er i gang for fullt og det er enno ikkje for seint å hevde seg for dei som har hatt ein litt treg start. Hugs på at gruppa di òg får poeng når du øver! Her er øveskjemaet Frå siste øvinga før haustferien og fram til neste fellesøving får du dobbelt Flinkis!-poeng! (2 poeng pr øving!) 

God øving og god haustferie!

Vi vann tredjeplass!

Ein liten rapport frå Nordvesten er på sin plass sidan ikkje alle var så heldige å få vere med på denne flotte dagen. Korpset vårt spelte godt! Bedre enn på lenge, og det var moro å både sjå og høyra dei på scena i Førdehuset. Både musikantane og vi som var med fekk i tillegg høyre mykje god korpsmusikk frå andre.

Alle skjerpa seg eit hakk meir enn på generalprøven dagen før og vi endte med heile 85 poeng! I fjor fekk vi ein femteplass av sju med 81 poeng. Altså stor framgang! Korpset på andreplassen, Nordfjordeid skulekorps, endte på 87 poeng. Vinnaren i tredje divisjon janitsjar, som vår klasse heitte, fekk heile 92 poeng. Gratulerer Førde skulemusikkorps!

I solistkonkurransen klasse A stilte vår eigen trompetist Sunniva! Flott gjort!

Vi vaksne som var med fekk ein flott dag med god musikk og kjekke ungdomar og reiser gjerne på tur igjen med denne gjengen kor tid som helst!

Nordvestmeisterskapen Sogn og Fjordane 10. mars

Det er endring i tidspunkt for øving fredag den 9. mars! Øvinga går frå klokka 15. fram til generalprøven/konsert klokka 17.00. Dette for at alle som skal vere med på konkurransen klarar å bli med på øvinga.

Laurdag 10. mars – konkurransedagen:
Oppmøte på Skysstasjonen kl 09.15.

Tidsskjema Nordvesten Sogn og Fjordane

Premieutdeling kl 19.00-19.30.
Forventa avreise heim: ca kl 20.00.

Uniform: Raud hettegensar og den kvit pikèskjorte. Svarte bukser/skjørt og svarte sokkar og sko.

*NB!* Sjekk at uniformen passar i god tid slik at vi får tid til å finne nye plagg dersom det  skulle vere behov for det. Dersom det kniper kan vanleg kvit skjorte brukast under hettegensaren.

Minner om at dirigenten vår har lova bort doble “flinkispoeng” heilt fram
til konkurransen!

Tur til Ørskog og nordvestmeisterskap

Sunniva fekk skryt av dommarane på NVM for fint solospel.

Sogndal og Leikanger skulemusikk hadde ei super helg på Møre: Me spelte det me var gode for, hadde ein fin busstur, høyrde mykje fin korpsmusikk, dansa på diskotek, og humøret var utmerka! Me var nøgde med 5. plassen, etter at me såg at dei fleste andre korpsa var eldre enn oss. Spesielt imponerte Solevåg skulemusikk (frå “musikarøya” Sula utanfor Ålesund), og Langmyra Skolemusikkorps (frå Molde). Med musikantar i hovudsak frå vidaregåande og ungdomsskulen heldt dei eit imponerande nivå.

Domarkommentarane var jamt over positive, og me bit oss spesielt merke i at Stian Svendsen kommenterte: “Flott [å] se og høre så stort janitsjarkorps med så ung besetning. Dere har en lys fremtid sammen!”

Det me må jobba spesielt med vidare er intonasjon (stemming), dynamikk og samspelet elles.

Musikantane har òg gitt uttrykk for at det var artig å vera med på konkurranse, så det vil me gjera att snart! Me er i ferd med å byggja opp eit godt korps, og eit flott korpsmiljø. Musikantane er flinke til å ta seg av kvarandre, og stemninga mellom dei er god. Slik vil me òg ha det framover!

Hans Mark

[fleire bilde frå turen i bildealbumet]

FLINKIS-prosjekt

Øveskjema for FLINKIS-prosjektet

FLINKIS er Sogndal skulemusikk sitt nye utviklingsprosjekt der musikantane øver meir heime. Me ynskjer at musikantane og korpset skal bli endå betre, og FLINKIS-prosjektet er eit avgjerande steg for å få dette til.

Korleis? 
Alle har fått utsendt eit øveskjema som forklarer korleis ein skal øva. Her skal foreldre/føresette (eller spelelærar i kulturskulen) signera for å stadfesta at den unge, lovande har øvd/spelt minimum 15 min. Det er viktig at dette vert gjort skikkeleg – ”juksemakarar” vert ikkje betre å spela!

Kvifor FLINKIS?
–       for at musikantane skal bli betre å spela på sitt instrument (betre klang, teknikk, musikalitet)
–       for at musikanten skal bli betre til å lesa notar
–       for at musikantane skal læra seg stemma dei skal spela på kvart stykke
–       for at både musikanten og korpset skal bli betre!

Dette fører til at det vert kjekkare å spela fordi
–       musikanten meistrar instrumentet sitt betre
–       musikanten meistrar stemmene sine betre
–       me kan spela endå meir spennande musikk, og få eit større, meir variert og vanskelegare repertoar
–       musikanten og korpset let betre!

Slagordet vårt er “Øv, ikkje ver sløv!”  Dette er spesielt viktig før me skal på konkurranse om ein månad – til og med vinterferien kan brukast til øving!

Hans Mark og styret