Archive for the Reiser Category

Bornholmtur

Tidleg den 21. Juni sat trøytte og spente musikantar, sysken og foreldre på bussen i Sogndal klare til langtur. 42 stykker var vi som fekk oppleve både Liseberg i Gøteborg, katamarantur(ar) over Østersjøen og tre fine dagar på Bornholm.

Vi hadde fleire fine dagar med sol, men vart òg både våte og kalde innimellom. Ein del av væta måtte vi takke oss sjølve for (som i attraksjonen Kållerado i Liseberg eller i bassenget eller sjøen på Bornholm) men værgudane bløytte oss òg godt ut eine dagen vi var på Hammershus festning.

På Bornholm budde vi passande nok i “Æblehaven” feriepark.

Jonsokafta marsjerte korpset framfor eit langt fakkeltog frå sentrum av Nexø fram til blåplassen der eit imponerande bål vart satt fyr på ved hjelp av faklane.

Det var nesten så vi lurte på om korpset ville klare å spele ferdig “Summer Nights” før det vart for vamt, men det heldt akkurat. Etterpå kosa me oss med både glaserte epler, steikte “æbleskiver” og andre godsaker. 

 

Sundag kveld var det arrangert innandørs diskotek og luftgitarmeisterskap for alle dei deltakande korpsa. Sogndal skulemusikk sin tubaist Georg stakk like godt av med øverste pokal og tittelen “Bornholmmester i luftgitar” etter fleire innleiiande rundar. Det var òg fleire andre i korpset som før på dagen viste lovande takter innan sjangeren, men helst då utanfor scenen og med kamera av.

Siste dagen på Bornholm var vi i Joboland der vi møtte mange andre korps til felles konsert og marsjering. Eit flott arrangement der vi både fekk høyre og spelt mykje god musikk. Nokre var òg så barske at dei benytta seg av badelandet etter spelinga, mens dei fleste hadde meir enn nok med å “halde på hatten” i vinden. Synnøve, Cindy og Egil var med og spelte saman med korpset under heile opphaldet. Sporty gjort!

Det på sin plass òg her å rette ein stor takk til Cindy og Aksel i turkomiteen for vel utført arbeide, og til Sølvi i same komitè for god innsats i førebuinga. Synd du ikkje fekk vore med oss.

Sist men ikkje minst tusen takk til Hans Mark for inspirerande leiing av korpset og for heilhjarta innsats for korpsmusikken og musikantane!

Takk for turen!

Litt informasjon i starten av eit nytt år

Godt nytt år alle sammen!

Hovudkorpset startar opp tysdag 10. januar.

Terminlista er ikkje langt unna, men vi vil minne om nokre viktige datoar alt no, slik at de kan rydde plass i kalenderen:

Søndag 15. januar er frist for påmelding til korpsturen, som går til Göteborg og Bornholm 21.-26. juni. På slutten av øvinga 10. januar vil turkomiteen orientere nærare om korpsturen. Vi oppmodar alle til å delta, dette blir garantert ei flott oppleving! Sjå det invitasjonsbrevet, som vart send ut før jul.

Tysdag 24. januar kl. 17 er det årsmøte i Sogndal skulemusikk. Sakspapir vert snart sendt ut.

Laurdag 10. mars skal SSM delta på fylkesmeisterskap i Førde. Vi køyrer med privatbilar og kjem att same kvelden.

Basar – Haustens store eventyr

Søndag 23. oktober er det basar på Sogndal Kulturhus. Me starter klokka 15:00, og i år kan de kjøpe betasuppe i tillegg tilkaffi, saft og kaker.

Ta middagen på basaren og støtt skulemusikken!

I samband med basaren har vi som vanleg det årlege lotteriet. Basaren og lotteriet er Skulemusikken sin viktigaste inntektskjelde, og me håpar de er klare til innsats for å få inn pengar til mellom anna utanlandstur neste år.

Musikantane vil få loddbøkene og all den informasjonen dei treng på øvinga tysdag 4. oktober. Sjølv om det blir loddsal i haustferien har me store forventningar til loddsalet. Det er også i år mange flotte premiar.

Helsing basarnemnda

Korpstur

Sogndal skulemusikk har arrangert korpsstur annakvart år for medlemene i hovudkorpset. Dette har vi lyst til å halde fram med så sant økonomien tillet det. I 2008 var vi i England og i 2010 gjekk turen til Lübeck i Tyskland, så kor skal vi neste gang?

Kom med innspel til reisemål for ein korpstur i ein kommentar her eller i ein mail til korpset og skriv litt om kva er det som gjer at du vil reise dit.

Eit lite men stort p.s. Hugs at jo lengre vi reiser jo dyrare blir det gjerne og jo færre vil det vere som kan vere med. Vi ynskjer å få til ein tur som flest mogleg kan ta seg råd til å vere med på. Det blir mest moro på den måten.

Tur til Ørskog og nordvestmeisterskap

Sunniva fekk skryt av dommarane på NVM for fint solospel.

Sogndal og Leikanger skulemusikk hadde ei super helg på Møre: Me spelte det me var gode for, hadde ein fin busstur, høyrde mykje fin korpsmusikk, dansa på diskotek, og humøret var utmerka! Me var nøgde med 5. plassen, etter at me såg at dei fleste andre korpsa var eldre enn oss. Spesielt imponerte Solevåg skulemusikk (frå “musikarøya” Sula utanfor Ålesund), og Langmyra Skolemusikkorps (frå Molde). Med musikantar i hovudsak frå vidaregåande og ungdomsskulen heldt dei eit imponerande nivå.

Domarkommentarane var jamt over positive, og me bit oss spesielt merke i at Stian Svendsen kommenterte: “Flott [å] se og høre så stort janitsjarkorps med så ung besetning. Dere har en lys fremtid sammen!”

Det me må jobba spesielt med vidare er intonasjon (stemming), dynamikk og samspelet elles.

Musikantane har òg gitt uttrykk for at det var artig å vera med på konkurranse, så det vil me gjera att snart! Me er i ferd med å byggja opp eit godt korps, og eit flott korpsmiljø. Musikantane er flinke til å ta seg av kvarandre, og stemninga mellom dei er god. Slik vil me òg ha det framover!

Hans Mark

[fleire bilde frå turen i bildealbumet]