The following articles were authored by Cindy

Skulemusikk basar

Det vert den årlege skulemusikk basaren laurdag 26. oktober frå kl. 15 i kantina ved den nye Sogndal vidaregåande skulen!

Stort åresal og mange flotte gevinster.

Kafe med betasuppe, heimebaka kaker, kaffi/te og saft!

Minikonsert med Sogndal skulemusikk.

Velkomen til basaren!

IMG_1669

Seminarhelg i Gaupne

13 musikanter frå Sogndal skulemusikk saman med dirigent Torgeir deltok på felles seminar med Leikanger skulemusikk i Gaupne i helga. På programmet var bading på Lustrabadet, samspel, god mat og mykje moro.
Tusen takk til dei frivillige som stilte opp slik som musikantane fekk ei kjekk oppleving!

 

Rekruttering av nye musikantar

I dag har Sogndal skulemusikk hatt rekruttkonsert på Trudvang skule!

No håpar vi at mange av dei elevane som høyrte på dei i dag har fått lyst til å vere med i korpset!

Elevane som var på konserten har fått eit informasjonsskriv om korpset og påmeldingsskjema samt ein invitasjon til å besøke korpset på slutten av neste øving for å prøvespele på dei ulike instrumentane!

For meir informasjon om innmelding til korpset, sjå under fane “korpspermen”.

Påmeldingsfrist for sommarkurs – 15. mai

Sogndal skulemusikk oppmodar alle musikanar i korpset å reise på NMF sine sommarkurs. Korpset vil sponse deler av kursavgifta til korpsmedlemar som reiser og som held fram i korpset etter sommaren.

Nytt i år er at all påmelding skal skje via korpsdriftsportalen.  Det betyr at dei som vil delta på sommarkurs, må gi beskjed til styreleiaren for korpset. Styreleiaren vil da melde dei aktuelle musikantane på kurs.

Påmelding: send ein e-post til calitlabo@gmail.com med informasjon om kva kurs ein vil melde seg på og t-skjorte størrelse.

Blås i ferien brosjyre 2013

For meir informasjon om dei ulike sommarkurs, sjå NMF sin webside.

Endring i terminlista

Sogndal skulemusikk skal ha rekrutteringskonsert på Trudvang den 17. april.

I samband med det, vert dei som kan tenke seg å vere rekrutt til hausten invitert til korpsøvinga den 23. april.

Vi har difor bytta om øvingane for å få plass til det.

I morgon vert det delt øving og den 23. april vert det vanleg øving.

For å sjå den fullstendig oppdaterte terminlista, klikk her      SSM TERMINLISTE V-2013

Skulemusikken deltek på Storkonsert 14. April!


Sogndal skulemusikk er inviterte med på storkonsert i Sogndal kulturhus den 14. april, då det meste av det frivillige musikklivet står på scena i Sogndal kulturhus.
Konserten har tittelen “Kan du høyra folket syng?” og er ein musikalkonsert med Sogndal musikklag, Sogndal songlag og Ungdomskoret Røyst som hovudaktørar.

Skulemusikken skal framføra medleyen The Sound Of Music saman med Sogndal musikklag denne kvelden.

Konsertstart kl. 18:00. Konserten varer i ca. 90 minutt.

Inviter vener og familie til ei flott oppleving i kulturhuset!!